søndag 17. mars 2013

Søndag !



Det har virkelig vore ein fin dag i dag , og det blei ein rusletur til naustet !
Støa var dekt av jomfrueleg snø , og det var nesten for gale og sette spor der så fint som det var !
Ein rev hadde gått ned stien , forbi hjørnet , og hadde teke ein tur ned i fjøra . Han var sikkert på jakt etter noko å ete ! Kanskje ein liten fisk ? Måtte likevel trø ned i støa , ta bort slåen ,og sette naustdøra på vidt gap ! Kjente den gode lukta av båten som sto der nysmurd frå i sommar ! Det var godt å få lufte litt likevel ! Idag låg sjøen stille !  Det var snøsmelting ,og det var mildt ! Snart er det vår !



Naustet !
Den snødekte båtstøa !




lørdag 16. mars 2013

" Hammartur"

Det blei ein tur i skogen i dag i det fine været . Måtte sjå etter viltkameraet mitt som står ute i skogen ein stad.
Det var teke nokre bilete  på det tidligare, og eg tenkte å ta det med heim for ein liten sjekk.
Kjempefint ute i dag!
Det tek nesten til og vårast i solhellinga, og det luktar godt av tørt gras som kjem fram der snøen smeltar.
Spor etter hjort er det en del av, og av ein og anna rev også.
I dag såg eg spor etter mår også , og ei lita mus kom i full fart bortover snøen og for ned i eit hol.
Blei for sein med kameraet , for den er ikkje så lett og fange på minnebrikka !
Eit lite liv som sikkert også har sitt og stri med i den berrfrosten som har vore i vinter.
Kanskje ein liten familie der under snøen!
Det er sikkert tryggare no når det blei litt snø, og gøyme seg under, og ikkje så kaldt heller.
Det har vorte nokre turar i skogen i vinter, og det har vore lett å gå på den berre marka .
Det har vore mykje is så det har vore greitt med broddar og skistavar .
Sjekka kameraet no, og der var det bilete av ein grevling som sto og åt !
Hadde lagt ut ein halvkilo med noko makrell som var litt gammal ,og den fall sannelig i smak hos
grevlingen.
Trudde den låg i hi om vinteren , men denne hadde vel vakna litt tidleg antagelig og var svolten !
Får håpe at maten smakte
Det blir nok mange fine skogsturar no utover vårparten, og så gjer det godt både for kropp og sjel !
Ha ein fin vår alle saman !
Fint i skogen !

Nå er det en stund siden jeg var inne på bloggen min. Det har vært både sommer , og høst siden jeg skrev noe. Det har vært en fin sommer og...